Våtedalen Tindeklubb


Våtedalen Tindeklubb vart skipa i 1985 på Botnafjellet i Gloppen av Rune Dvergsdal, Joar Eide og Lidvar Sunde. I starten var det ikkje innandørstilbod i Førde. Ein liten vegg på Skei var den første som kom til. I seinare tid har klubben hatt ulike lokalar, i vektløftarrommet i Førdehuset, ein gammel trafokiosk på Hundvebakke, buldrerom i gamle brunosten, buldrerom i eit nedlagt basseng i Naustdal og buldrevegg i Jølster treningssenter. 

Utandørs vart det tidlig klatra på Storehesten og Håsteinen. Isklatring i ulike fossar og tradklatring var hovedaktiviteten til klubben. So kom sentrumsfeltet Gjelet, som vart bolta i 1996 samt fleire felt i Naustdal. Klubben anno 2025 er ein klubb med stort mangfold,trad, isklatring, buldring, sportsklatring og konkurranse klatring for å nemne noko.

I 2021 kjøpe klubben aksjar i Førde Klatresenter og har mykje av aktiviteten sin der. Samtidig driv vi klatreveggen i Skei Storhall, der bidrar klubben med ruteskruiing, kursing, aktivitetar for barn og unge, samt den generelle drifta av veggen.

For info om klatreveggen på Skei klikk her.

For info om Førde Klatresenter klikk her.


Styret 2024
Leiar: Per Kristian Kongsvik

Nestleiar: Maria Ljunglof

Styremedlem og kontaktperson Skei: Ragnhild Kjøsnes

Styremedlem: Ragnvald Søgnesand

Styremedlem: Kaia Viki

Styremedlem: Birgitte Ringstad

Kasserar: Ørjan Stubhaug.

Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang