Våtedalen Tindeklubb


Våtedalen Tindeklubb vart skipa i 1985 på Botnafjellet i Gloppen av Rune Dvergsdal, Joar Eide og Lidvar Sunde. I starten var det ikkje innandørstilbod i Førde. Ein liten vegg på Skei var den første som kom til. I seinare tid har klubben hatt ulike lokalar, i vektløftarrommet i Førdehuset, ein gammel trafokiosk på Hundvebakke, buldrerom i gamle brunosten, buldrerom i eit nedlagt basseng i Naustdal og buldrevegg i Jølster treningssenter. I 2021 kjøpe klubben aksjar i Førde Klatresenter og har mykje av aktiviteten sin der.
Utandørs vart det tidlig klatra på Storehesten og Håsteinen. Isklatring i ulike fossar og tradklatring var hovedaktiviteten til klubben. So kom sentrumsfeltet Gjelet, som vart bolta i 1996 samt fleire felt i Naustdal. Klubben anno 2022 er ein klubb med stort mangfold,
trad, isklatring, buldring, sportsklatring og konkurranse klatring for å nemne noko.
For info om Førde Klatresenter klikk her.

Styret 2023
Leiar: Per Kristian Kongsvik
Nestleiar: Maria Ljunglof
Styremedlem og ansvarleg Skei: Per Magne Bakke
Styremedlem: Kaia Viki
Styremedlem: Birgitte Ringstad
Kasserar: Ørjan Stubhaug.

Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang